mandag 9. april 2012

9. april 1912 - David Blair

For hundre år sidan i dag gjekk David Blair ned gangbrua frå Titanic med ein vadsekk over skulderen, fly forbanna. Skipet skulle segle ut på den første turen sin i morgon, og han skulle ikkje vera med! Fordømt! Han hadde mønstra på som andrestyrmann i Belfast og vore med på testane. Men i siste augeblink hadde rederiet sett seg føre at dei trengte erfaringa til Henry Wilde, overstyrmann på systerskipet Olympic, som låg i dokk for reparasjonar. Dermed overtok han som overstyrmann mens den opprinnelege, William Murdoch, rykka ned til førstestyrmann og Charles Lightoller, den opprinnelege førstestyrmannen måtte overta Blair sin plass som andrestyrmann.

Dei flinke gutane i rederiet hadde så sett det som utilbørleg å la Blair, som hadde segla med White Star i mange år, rykkje heilt ned til tredjestyrmann, så dei hadde lovt han hyre på ein annen båt i staden. Harumph! Visste dei ikkje at han gladeleg skulle segla som tredjestyrmann på dette vidunderlege tekniske meisterverket? Han hadde tilbrakt 3 timar med å vise kona og systera rundt, tidlegare på dagen. Teknikarane var enno i full sving med å leggje dei siste teppa i dei praktfulle salane. Ergerleg trampa han dei siste trinna og satte foten på landjorda att.

Samstundes satt John Jacob Astor IV og den siste erobringa hans, den 18 år gamle og smellvakre Madeleine, på ein kafé i Paris. Ikkje ein fortauskafé, for det var grått og surt og kaldt ute, dei var i utkanten av ein kraftig storm som hadde blåst opp i Nordsjøen, men iallfall på ein kafé og naut eit par croissantar til kaffen. Dei hadde hatt ei vidunderleg bryllaupsreise i Egypt med pyramidar, sfinksar og det heile, og hadde så tilbrakt dei siste dagane her i det romantiske Paris, som riktignok hadde vore kaldare enn vanleg for årstida. Bare eit par dagar til no, så skulle dei til Cherbourg der dei skulle ta ein førsteklasses nybygd atlantarhavsdampar heim.

Han ergra seg litt, for han hadde fått eit telegram fra Tesla att, som ba om pengar. Han var ikkje sikker på om han trudde så veldig på det serbiske vidunderet lenger. Kanskje var desse turbinane ein smule effektivare enn dei vanlege. Men dei måtte da vera atskillig kostbarare å byggje. Ja ja, han fekk vel ta ein tur innom når dei var attende, så fekk vi sjå. Kanskje kunne dei saman skyte skovlturbinane eit skot for baugen. Ikkje godt å veta.

Atlantic Hotel i Southampton sat Karen Marie Abelseth og gledde og grua seg til morgondagen. Sekstenåringen hadde allereie ei lang reise bak seg, men ei enda lengre foran seg. Ho hadde segla frå Ålesund klokka 2 om ettermiddagen den 5. saman med dei fem andre emigrantane ho var i følge med på hurtigruteskipet Erling Jarl. På føremiddagen den 6. kom dei til Festningskaien i Bergen der dei kunne gå rett over på Irma, englandsbåten til Bergenske Dambskibsselskab, som brukte to dagar til Newcastle. Frå den streikeramma kolbyen tok dei så ekspressen til Southampton, på ein tredjeklasseskupé som hadde plass til alle seks. Sidan skulle ho vera med Olaus frå nabogården til Dakota der systera Anne Marie skulle hente ho til farmen sin i Inglewood, California, sidan ho trengde påliteleg arbeidshjelp.

På Atlantic Hotel var dei innkvartert saman med ein heil del andre emigrantar. Dei hadde lege over sidan i går kveld då dei kom med toget, og fått tid til å sjå seg om. På hamna låg skipet dei skulle med. For eit kjempeskip! Kvar av dei fire skorsteinane aleine var høgare enn noko byggverk ho hadde sett. Den svarte silhuetten i den grå, sure aprildagen såg reint trugande ut. Men det blei sagt at det var heilt trygt. Kunne ikkje synke. På grunn av streiken var det heller ikkje nokon annan leilegheit. Så det var kanskje like greitt.

David Blair var i ferd med å gå til sengs for dagen i huset sitt i Southampton då han kjende noko i lomma. Ein nøkkel. Opps, den høyrde visst heime i utkikkstårnet. Kunne dei få fatt i kikkerten når dei ikkje hadde den nøkkelen? Kikkerten som dei kunne sjå isfjell med på god avstand i stille, stjerneklare aprilnetter? Hm, kanskje han burde prøve å levere han før dei seilte ved middagstid neste morgon. Men var det så farleg, då? Dette skipet var jo så sikkert, så sikkert. Nei, dei kunne ha det så godt, tenkte han vel. God natt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar