lørdag 31. mars 2012

30. mars 1912 - Karen Marie Abelseth

Amerika! California!
For 100 år sidan i dag gledde 16 år gamle Karen Marie Abelseth seg stort til å sjå att storesyster si, Anne Marie, som emigrerte i 1909 og skaffa seg ein farm i Inglewood, California. Det var trange kår på Nilsgarden i Ørskog på Sunnmøre, og det blei ikke rommelegare med dei 8 ungane. Difor hadde Anne vandra ut, og no var Karen neste. Systera trengde hjelp på garden og kva var betre enn å ha si eiga slekt til å hjelpe seg? Men det var mange utsiktar i det gjeve, rike Amerika, arbeidet hjå systera var nok berre ein start, tenkte Karen Marie Abelseth.

Karen Marie i 1924
Det var han Olaus frå nabogarden Øvste Kleivane som hadde lovt å ta seg av ho på ferda over Atlanteren. Olaus hadde vandra ut i 1903 og jobba 5 år på ein gard i Nord-Dakota før han skaffa seg sin eigen i 1908 der han dreiv med sau. Han hadde gjort det så bra at han drog heim hausten 1911 for å få med seg fleire. Han òg ville helst ha hjelp frå slekta, så klart. Då visste ein at ein fekk arbeidssame, driftige og ærlege folk på garden. Han skulle sjølv betale overfarten for svogeren Sigurd Moen og fetteren Peter Søholt, mens systera betalte for Karen Marie. Dei fire skulle òg reise saman med Adolf Humblen, som skulle til Milwaukee, Wisconsin for å sikre seg ei tomt, og som skulle vera anstand for Anna Kristine Salkjelsvik, som skulle til syster si i Proctor, Minnesota.

Mange skipsruter var innstilte på grunn av kolstreiken i England, men Hurtigruta gjekk enno, og det var den dei skulle ta til Bergen den 5. mars. Frå Bergen var det båt over Nordsjøen til Newcastle, og så bar det med tog ned til Southampton, der dei skulle ta amerikabåten. På den andre sida av Atlanteren venta det òg lange togreiser for alle saman. Karen Marie skulle berre vera med Olaus til Dakota i første omgang. Sidan skulle systera få ho henta til California.

Det blei mykje lesing for Karen desse siste dagane i gamlelandet. Ho hadde gått på Søndmøre Amtsskole i Volda sidan konfirmasjonen i 14-årsaldaren, og skulle eigentleg ha eksamen i juni, men ho hadde fått løyve til å ta han tidlegare ettersom ho skulle utvandre. Papira kunne jo bli gode å ha. Ein visste vel ikkje kva dei ville vera verdt der borte, men uansett var det dumt å berre reise frå dei.

Dagen før avreisa skulle dei til agent Harald Moa i Ålesund og hente billettane. Turen skulle betalast heilt fram og billetten gjaldt for alle overgangane. For Karen Marie kom han på kr. 268,40, ein anseleg sum. 84,50 av dei var til 3.-klasseslugaren på amerikabåten som låg og venta på dei nede i Southampton. Ho var litt spent på den, men det vart sagt at det var ein hypermoderne båt og heilt trygg, nybygd frå verftet i Irland. RMS Titanic kalte dei han.

Biletet og flesteparten av opplysningane er henta frå Per Kristian Sebaks Titanic, 31 norske skjebner

2 kommentarer:

  1. veldig bra. jeg driver med dette. takk skal du ha.

    SvarSlett
  2. Legger du ut noe av arbeidet ditt?

    SvarSlett