lørdag 17. mars 2012

17. mars 1912 - Antonette Hildre

Iver Skjelten, frå
samlinger.kulturnett.no
Veret var godt på Harøyfjorden for 100 år sidan i dag, vinden var berre i dei verste kasta oppe i liten kuling og det var lange tidebolker med opphald mellom sluddbyene. Og det var godt at det var så bra ver denne dagen, for om bord i trerøringen til Iver Skjelten hadde dei ei dyrebar last. Ja, kona Anna som var tre månader på veg var sjølvsagt det dyrebaraste, for ikkje å snakke om Helga, den 9 månader gamle dottera. Men dei hadde òg med seg møbla til det nye huset som Iver hadde sett opp på den plassen han og broren Ole hadde funne til prosjektet sitt.

Iver hadde vore 5 år i Amerika og drive ein farm der, så han var vand med nybyggjeri. Men Ole hadde hug til maskiner og hadde starta ein fabrikk for fiskeredskap på Hildre. Det var klart at det var industri som var tingen, det var der framtida låg. Men dei var lite hugne til å flytte til Ålesund der leigeprisane var høge og bysnobbane utålelege. Så kvifor ikkje skipa til sin eigen industristad? Ved Brattholmvågen ei halv mil aust for Hildre hadde dei ei ypperleg hamn i Samfjorden og i dei bratte fjella var det mange vatn som kunne gje kraft. Synnalandsbøndene som eigde grunnen hadde heldigvis lita tru på prosjektet og gav frå seg rettane på gode vilkår. Uheldigvis hadde bankane òg same trua, og ville ikkje gje frå seg noko som helst, slik bankar har for vane. Difor måtte brørne skipa lutlag saman med 5 slektningar som stilte 3000 kroner kvar, slik at aksjekapitalen no var 21 000. På den symbolske datoen 11. november 1911 vart papira for vassrettane signert, og sidan då hadde dei drive på med sprenging av vassjakter og diverse. Dessutan hadde Iver i fleire veker gått med material over fjellet, og no var endeleg huset så pass at dei kunne flytte inn.

Antonette, frå
samlinger.kulturnett.no
Iver la seg på årene og vatnet fossa riktig friskt rundt baugen. Antonette, syster til Anna, var glad for at dei snart var framme, for dei hadde ikkje rodd langt før dei oppdaga at dei hadde gløymd å setja nygle i båten. Tungt lasta som båten var fossa vatnet inn, og dei måtte så fort som råd finne noko å setja i nygleholet. Fingeren hennar Antonette passa akkurat, og no sat ho då der i botnen av båten og tenkte på makrel og annan ufisk som kunne tenkjast å vera lystne på eit lite stykkje av fingeren hennar, hu!

Utpå formiddagen var dei framme og Antonette kunne ta ut fingeren og hjelpe til med å bere opp møbla på den veglause plassen, som skulle få namnet Brattvåg og forhåpentlegvis snart skulle setje Ålesund i skuggjen.

Samtidig, ein heilt annan stad, la biskop Gallagher ned grunnsteinen til ein konsentrasjonsleir for barn. Hundre år seinare skulle nonneordenen som dreiv leiren punge ut med ein millard kroner for å betale oppreisning for overgrepa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar