Olav Bjaaland kosa seg verre på det fine føret dei hadde nede på Rossbarriera for 100 år sidan i dag. Styggeveret dei hadde hatt dei siste dagane hadde gjeve plass for klart og vakkart ver, og dei moderate vindane dei siste to dagane hadde ikkje klart å blåse opp snøen i skavlar, så det var beint og fint å gå. 8 kuldegradar var det i skuggen, nett som ein heimekoseleg god norsk vinterdag.
No var det lett å finne vardane, og dei hadde ikkje gått lengje før den første var i synsfeltet. Det var nr. 69, viste det seg, ganske medtatt av sol og vind, men notata inni ho var intakte, og fortalde at dei låg på 84º 26' S og kva retning det var til neste varde, datert den 15. november. Etter ein kort pause bar det i veg att, og dei gjekk friskt på i nokre minutt. Så skjedde det.
To svarte skugger rørde seg på himmelen. Dei vart raskt større, og gav seg snart til kjenne som sørjoer, glupske rovfuglar og snyltejegarar. Men for eit under dei var å sjå etter alle desse vekene med einsam vandring i den antarktiske isøydna! Hjartet hans gjorte eit hopp. «God dag, god dag, kjære kråker, kossen har de det i dag?» ropa han tossete. Fuglane sveiv over hovuda til den lille flokken, som jubla samstemt og veiva med armane.
Han trakk revolveren og skaut etter den næraste, bomma grovt. Men fuglane enste ikkje skotet, fanst ikkje redde. Dei flaug berre vidare og dalte pent og roleg ned på varden som mennene nett hadde forlatt.
«De ser gode og mette ut!» ropa han etter dei. «Har de levd godt på bikkjeskrottar og selkjøt kan hende? Haha!» Depota nordover var toppa med skrottane av bikkjer som hadde stroke med, ikkje godt å veta kva som var att av dei no. Eller av selkjøtet under snøblokkene. Hu, kanskje det var like greitt at dei hadde mat for 35 dagar på sledane allikevel.
Fuglane tok sats og letta frå varda att. «Fly heim til Lindstrøm,» ropa Bjaaland, «og sei at me er heime om 20 dagar, klare til å leggja i oss alle dei varme kakene, steikene og frukten hans, om det enn berre er grøne plommer!» Men dei flaug sørover og snart var dei berre to små svarte prikkar att. Hadde dei tenkt å krysse kontinentet, kanskje? Eller hadde dei allereie teften av dei 11 bikkjeskrottane som låg att på Slaktern?
Prikkane vart borte og så var landskapet like audt og stille som før. Det var om lag eksakt halvvegs mellom polen og Framheim.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar