Kan være Uroa. Iallfall er det ei av bikkjene til Bjaaland. Fra Nasjonalibiblioteket |
Olav Bjaaland veksla blikk med Roald Amundsen som gjekk ved sida av han i sporet. Dagen før hadde dei slått leir på 89º 30' S, det var prima terreng og føre, pent og stille ver og ganske mildt, 23 kuldegradar, og same veret og føret var det for 100 år sida i dag. Om natta hadde han drøymd så fint, det var ei jente, ei lita ung ei som kom med bevertning og blomar til han, deriblant ei stor raud rose. Han trudde vel ikkje på varsel, men det var no i alle fall ein fin draum, som løfta humøret ikkje så lite.
Der løfta Uroa hovudet att, sette snuten i veret og snuste, rakt mot sør. Bjaaland og Amundsen veksla blikk att.
– Det skulle no vel aldri...?
Nei, det måtte då vera umogleg. Med den farta dei hadde halde, måtte dei nå målet først. Noko anna var utenkeleg. Eller...? Eller...? Mylius, Ring, Suggen, alle løfta hovudet og tefta, mot sør, mot sør.
Dei slo leir på 89º 45' S etter å ha gått gjennom nokre snøbyger det siste stykket. Det var med litt meir rolege og avmålte rørsler enn vanleg dei gjekk til ro den kvelden, og pratesjuke var ingen av dei. Hanssen hadde ein jobb å gjera. Silkeduken kjendes ikkje noko annleis gjennom hanskane enn kva som helst anna, men fargane var no fagre. Så heldige dei var i Noreg som hadde så fint eit flagg. Ingen land hadde makan. Han surra det til eit par skistavar akkurat som sist. Så var det klart til bruk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar