søndag 4. desember 2011

3. desember 1911 - Hans Braset

Lokalet hadde byrja å bli fullt, og Hans Bratterud gjekk opp på podiet for 100 år sidan i dag og bladde ut foredraget sitt.

Ein eldre Braset, frå
lokalhistoriewiki.no
Hans Braset sat på ein av de forreste radane. Han var ganske spent på kva Bratterud hadde å seie. Det var sikkert at det kunne vera nyttig å få vite meir om korleis dei dreiv det der inne i Trondhjem og kva for tankar, kunnskap og viten bestyraren for den lokale avdelinga av landsforeninga hadde å formidle. Han var kjend som ein flammande talar, reine predikanten. Braset hadde sjølv reist rundt og agitert for å starte lag, m.a. i Levanger. Han var litt ergerleg over at berre to til av dei 9 medlemene av laget hadde tatt bryet med å møte opp. Flesteparten her var visst arbeiderpartistar, arbeiarane ved dei ulike små verksemdene som hadde vakse opp her i Sparbu dei siste åra hadde byrja å vise interesse for saka.

Braset hadde sett lyset då Kristofer Janson var innom bygda på ein foredragsturné sommaren 1903. Dei hadde husa han på Braset-garden, og han hadde med eit hefte med ein artikkel om samvirkesaka. Sjølv var han nyuteksaminert agronom frå høgskulen i Ås, og open for nye tankar i eit nytt hundreår. Det hadde kravd litt strev å få overtalt faren, men søndag den 1. november var Sparbu Forbrukslag stifta med utsal på våningshuset der kjøkenbenken fungerte som disk. Han måtte flire litt ved tanken. Dei heime blei jo ikkje forstyrra så mykje den første tida. Ikkje før i 1905 hadde dei ope så ofte som annakvar veke, og i 1908 flytta dei til Vonheim på Leira, like ved jarnbanestasjonen, der dei hadde ope kvar laurdag.

Det hadde jo ikkje vore så lett å få i gang verksemda heller. Dei måtte holde fleire møter på ettersommaren innan dei fekk nok andelspartnarar til at dei kunne gjera innkjøp. Innvendingane gjekk på at det var dumt å starte opp ein ny butikk når den til han Ole Martin, som var open kvar dag i veka, fylte dei fleste behova. Men det hadde jo blitt ein heilt privat butikk og eigaren hadde skodd seg godt på profitten. Og Braset visste godt at han bygde på eit kooperativt føretak i starten, Mære meieri, som var starta i 1879 som eit andelslag. Ni år etter starta andelshavarane opp Sparbu Aktie Handelssamlag for å kunne selje meir allmenne varer til dei lokale. Det var denne butikken han Ole Martin hadde køypt opp i 1895 og gjort til si eiga verksemd.

Inntil midt på 1800-talet hadde all handelsverksemd vore eit privilegium for byborgarar, og bøndene landet rundt måtte reise langt eller ty til kremmarar som kunne prise forbruksvarene slik dei ville. Etter liberaliseringa utover hundreåret hadde det vakse opp verksemder som sopp etter regn, oftast tufta på samvirketanken og Rochdale-prinsippa, grunnlagd i 1844 av ei gruppe handverkarar i småbyen Rochdale nær Manchester i England som lurte på om det kunne lønne seg for menneska å samarbeide i staden for å kivast med kvarandre. Medlemskap skulle vera ope for alle, utan omsyn til kjøn, etnisk opphav, tru, kjønnsliv eller pengerikdom. Laget skulle drivast demokratisk, med stemmerett for alle. Overskuddet skulle førast attende til lagsmedlemene i same forhold som forbruket til den enkelte. Det skulle betalast lite eller ingen renter på andelane. Laget skulle vera politisk og religiøst nøytralt. All handel skulle gjerast kontant, ingen kreditt. Og det skulle støtte undervisningsarbeidet i lokalsamfunnet. Ganske revolusjonære prinsipp i 1844. Men det var ein blodlaus revolusjon som med sikte på framgangen han hadde hatt dei siste tiåra kunne forvandle verda til ein betre stad på ein heilt annan måte enn dei som gjekk fram med våpen i hand.

No let dei att døra og Bratterud tok til med foredraget sitt, der han agiterte for dagleg handel i eit fullverdig forretningsbygg og fortalde frå verksemda i trønderbyen. Sosialistane i lokalet klappa særskilt høgt for dei ideologiske tankane han bar fram for kooperasjonen. Ja ja, tenkte Braset. Det kunne kanskje ikkje vera så dumt med litt interesse frå den kanten. Eit lag med 9 medlemer og ope berre ein dag i veka, det var no berre pusleri. Bratterud hadde nok rett. Det måtte dagleg handel til. Om ein kunne få alle desse nye folka med, skulle det nok bli greier, tenkte han.

2 kommentarer:

  1. Interessant!
    Jeg samler stoff om Hans Braset. Hvilke kilder har du gjort bruk av her?

    SvarSlett
  2. Jeg søkte etter en interessant begivenhet som fant sted denne datoen, og fant dette møtet, som antakelig var omtalt i lokalhistoriewiki. Jeg søkte litt videre for å finne stoff å spinne rundt, og har lagt inn det jeg fant som linker i fortellinga. Har du tenkt å publisere noe om Hans Braset?

    SvarSlett